

Sirikit Gout Bomstad
Sirikit er norsk/nederlandsk, født 1960 og bur i Balsfjord, Troms.
Ho har frå ho var lita hatt stor glede av å teikne og male, og er nok over middels interessert i form og farge. I mange år har ho arbeid med blomar og interiør, før ho i seinare år har arbeid som personleg assistent. Etter at ho slutta å arbeide med estetikk gjennom yrkeslivet, kom kreativiteten tilbake for fullt i form av mykje maling og teikning.
For henne er dette eit slags meditativt gjeremål som ho utøver så og seie dagleg, og noko som gjer ho ro og stor glede. Sirikit finn inspirasjon i det meste, gjennom media, naturen, dagleglivet, litteratur etc.
Sterke fargar, abstrakte motiv, ofte med litt ironi og humor er det mykje av i bileta hennar.
Etterkvart som ho har øvd på ulike teknikkar, har ho blanda desse og synest ho kan utrykke seg best gjennom mixed media.





